Cat on a Hot Tin Roof. Regi: Richard Brooks, USA, 1958.
Manus: Richard Brooks, etter eit skodespel av Tennessee Williams. Foto: William Daniels. Medv: Elizabeth Taylor, Paul Newman, Burl Ives, Madeleine Sherwood, Jack Carson m.fl. 35 mm, fargar, 1 t 48 min.
Katt på hett blikktak er basert på Tennessee Williams sitt prisvinnande skodespel om ein familie fengsla av fortida, ein familie som blir øydelagt av attrå, grådigheit og svartsjuke. Det er fødselsdagsfeiring for den kreftsjuke plantasjeeigaren Big Daddy, og familien er samla som gribbar rundt den døyande i håp om å arve ein del av formua. Favorittsonen Brick, ei fordrukken eks-fotballstjerne med ekteskapsproblem, er derimot ikkje interessert i verken faren eller pengane.
Settinga for skodespelet stemmer perfekt med malen for dei mange familie-melodramaa produsert av Hollywood på denne tida. 500 000 dollar i lomma til Tennessee Williams sikra då også raskt MGM filmrettane til stykket, og tre år etter den vellukka teaterpremieren på Broadway, forøvrig regissert av den også i filmkrinsar ikkje direkte ukjente Elia Kazan, var den noko polerte hollywoodversjonen ferdigstilt.
I filmversjonen frå 1958 er "Cat on a Hot Tin Roof" blitt til eit tidstypisk melodrama. At dei personlege problema til Brick kunne ha noko med ei homofil legning å gjere, vart kraftig tona ned og erstatta med ei tydlegare vektlegging på Brick si frykt for å gje slepp på den ansvarslause ungdomstida. At den lukkelege slutten på filmen skurrar i høve til straumen i resten av filmen er heller ikkje til å undre seg over. Sjølv om kontroversielle passasjar er pakka inn i bomull, ligg dei der under overflata ein stad og gjer at filmen stundom arbeider mot sin eksplisitte ideologi. Douglas Sirk brukte i sine filmar denne dissonansen heilt medvite for å undergrave pålagte oppbyggjelege sluttar. Om Richard Brooks har fylgt same taktikk med Katt på hett blikktak er vel heller tvilsamt. Slutten i Tennessee Williams sitt opphavlege stykke er like fullt langt dystrare og meir tvetydig enn den som hollywoodversjonen byr oss, og det kan difor paradoksalt nok berre vere ein fordel at ein ikkje heilt kan tru på slutten og at ein heller vert sitjande igjen med kjensla at einskilde av problema ikkje er løyste og at dei vil slå tilbake med full styrke morgonen etter.
Trass i inngrep i stykket som gjorde at Tennessee Williams sjølv hadde vanskar med å setje pris på filmadapsjonen, så er og blir Katt på hett blikktak ein svært god film. Størstedelen av dialogen er bevart: briljant og vemodig slik berre Tennesse Williams kunne skrive den. Vidare er Paul Newman og Elisabeth Taylor begge på sitt mest karismatiske. Å få sjå desse to filmikona utfalde seg på stort lerret opplyst av technicolorifiserte fargar er ein bonus som på ingen måte må undervurderast.