Marius Neset kombinerer trøkket frå Michael Brecker med ein Jan Garbarek-isk delikat tone. Når ein så legg til eit talent for å komponera kompleks men tilgjengeleg musikk, er det ikkje rart at han er ei ny superstjerne i norsk jazz. Han er enno tidleg i trettiåras, men har tatt Spellemann og vore nominert til Nordisk Råds Musikkpris. I tillegg til fast band, har han med seg Svante Henryson som er like komfortabel med elbass som cello og har eit uvanleg spenn i fortida si. Han har vore bassist i bandet til Yngwie Malmsteen, samarbeida med Anne Sofie von Otter og Elvis Costello, forutan å vera ein viktig person på den skandinaviske jazzscena, mellom anna i samarbeid med Kristin Asbjørnsen.
MARIUS NESET saksofonar / IVO NEAME tangentar / JIM HART vibrafon, marimba / PETTER ELDH kontrabass / ANTON EGER trommer / SVANTE HENRYSON cello