Konsert

Trondheim Jazzorkester og Christian Wallumrød

Jubileumsverket til Kongsberg Jazzfestival, med komponisten Wallumrød bak tangentene og TJO i full utfoldelse

I høve femtiårsjubileet til Kongsberg Jazzfestival vart det tinga eit nytt stykke frå Christian Wallumrød. Ved urframføringa kasta Aftenposten ein seksar og skreiv: «Visst har Wallumrød dyrket det rytmiske både i Close Erase og Merrywinkle, men her har han en besetning som setter nye fortegn i musikken. Den er forfriskende, smart og bærende, og tiden går usedvanlig fort i godt selskap.»

Trondheim Jazzorkester er Noregs viktigaste jazzensemble. Gjennom samarbeid med profilar som Chick Corea, Joshua Redman, Erlend Skomsvoll, Eirik Hegdal, Motorpsycho og Stian Westerhus har dei opparbeida ei evne til å handtera  kva sjanger som helst. I dette skreddersydde prosjektet har dei samla det friskaste frå norsk over- og undergrunn, der komponisten utforsker grensene mellom akustisk og elektronisk musikk.

 CHRISTIAN WALLUMRØD piano, synthesizer, trommemaskin // IVAR GRYDELAND gitar // LARS OVE FOSSHEIM gitar // ANJA LAUVDAL tangentar // ESPEN REINERTSEN tenorsaksofon // EIVIND LØNNING trompet // HEIDA MOBECK tuba, elektronikk // FREDRIK WALLUMRØD trommer // SIV ØYUNN KJENSTAD trommer // MICHAEL DUCH bass // TOR BREIVIK lyd // KYRRE HELDAL KARLSEN visuelt design

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.