Fredag 30. januar kjem Cathrine Knudsen til Skrivekunstakademiet for å snakke om si seinaste bok, Manuell. Romanen kom i haust og fekk strålande meldingar. Knudsen har sjølv vore student ved akademiet, og gjestar årsstudium i høve romankurs. Kvelden er ope for alle og tek til kl. 19.00 i Skrivekunstakademiet sine lokale, i tredje etasje på USF Verftet. Velkomen!