Konsert

BAJAZZFESTIVALEN

For barn 0 - 10 år og alle andre også! I dag: Meg og kammeraten min og Balke, Eike og Nordbakken

Sardinen USF
lørdag 13. september
Dørene åpner kl. 11.00 / konsert kl. 12.00
Kr 400 (familiepass)
Kr 125 (barn under to år gratis)
Forsalg Ticketco.no

Kl. 12.00: JON BALKE tangentar / BJARTE EIKE fiolin / HELGE NORDBAKKEN perkusjon

Kvar for seg har dei lang erfaring med å spela musikk for born, som trio er det premiere. Dei tre musikarane tar rennefart gjennom barokken og renessansen med gjøgling, improvisasjon og masse leik.
Jon Balke er anerkjend som komponist, pianist, perkusjonist og orkesterleiar. Han har vore aktiv i norsk musikkliv sidan 1972, mellom anna med Arild Andersen, Radka Toneff og ei rekkje andre samarbeidsprosjekter. På nittitalet byrja han med eigne prosjekt som Jøkleba, Magnetic North Orchestra, Batagraf, og seinare Siwan.
Helge Nordbakken er ein av dei tøffaste trommeslagarane i verda og har spelt på rare instrument med alle I Noreg. Nesten. I alle fall Mari Boine, Kari Bremnes, Arve Henriksen og mange andre.
Barokksolistsjef Bjarte Eike er noregs flinkaste barokkfiolinist, har gått på fiolinskule i Bergen og jobber i heile Europa. I tillegg til klassisk musikk jobbar han mykje med improvisasjon og samarbeider også med Jon Balke i Siwan.
-------------------------

Kl. 13.00: MARTIN HAGFORS meg / HÅKON GEBHARDT kammeraten min

Martin og Håkon vart kasta ut av musikalsk barnehage fordi dei bråkte for mykje. Dei måtte slutta i koret fordi dei song for høgt. Dei prøvde å spela songane fpr andre, men klarte det ikkje. Sidan dei ikkje hadde nokon andre å spela og synga med, byrja dei å spela trash-grass-musikk saman. Songane har dei laga sjølv, inspirert frå heile verda, og instrumenta dei speler på er mange – svært mange.

Martin Hagfors har sitt eige band, Home Groan og speler også med Cream of the crop, eller solo som Groan Alone. Han skriv musikk, tekstar og produserer plater for artistar som The National Bank, Askil Holm, Hellbillies, Respatexans, Crow Town, Motorpsycho, Bønkers, Rock Bottom, Bettan og mange andre. Martin speler også med duoen HGH, som har gjeve ut plater, og mellom annna spelt med Erik Bye.

Håkon Gebhardt er tidligare trommeslagar i det verdskjende rockebandet Motorpsycho, som han vart med i 1991. Motorpsycho har gjeve ut mange plater, fått Spellemannprisen og turnert i Europa, Japan og USA. Sidan 1999 har Håkon også jobba med HGH og har laga musikk til Barne-TV, og speler banjo med ”Bettan” Andreassen.
"En ny barneklassiker" (Aftenposten, terningkast 5)

 Se søndagsprogrammet her

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.