Velkommen til utstillingsåpning lørdag 1. mars kl. 18 - 20.
Åpningstider: Torsdag og fredag kl. 15 - 21,
alle andre dager kl. 12 - 16.
Vises til 9. mars
Skribent Ingeborg Kristvik om utstillingen:
VÅRSOLA FLØYMER over Roma i mai og juni. Midt i det intense, somme tider nådelause lyset, jaktar Torill Nøst fotografiets evige, uunngåelege og uuttømelege tema: Lyset.
Kunstnaren har tidlegare hatt stram regi på fotografia ho har stilt ut. Ho har hatt kontroll på arbeidsprosessen med modellane og uttrykka deira, omgjevnadene dei opptrer i, rekvisittar, scenografi og lyssetting. Denne gongen løyser kunstnaren grepet om regien. Tilnærminga er spontan, open og leikande.
Eg lar meg både føre og forføre. Blir dregen gjennom avstandar. Frå muntre par-observasjonar og peikefingrar med referansar til religiøse motiv i kunsten. Til krafta av ruvande, dystre skuggar. Lys som splintrar. Ei sterk påminning om det forgjengelege. Og lys som gir lys.
--------------------------------------
Se også Torill Nøst internettside www.torillnost.no