Konsert

HAMASYAN/HENRIKSEN/BANG/AARSET

Punktfestivalen har fostra eit samarbeid som no er klar for å erobra verda - første stopp er Sardinen USF.

Sardinen USF
Fredag 28. februar
Dørene opner kl. 20.00
Konsertstart kl. 21.00
Kr 180/160/120
Billetter i forsalg her

TIGRAN HAMASYAN tangentar / ARVE HENRIKSEN trompet, røyst / JAN BANG live sampling / EIVIND AARSET gitar

Allereie som toåring viste Tigran ei ekstraordinær interesse for musikk, og var meir opptatt av pianoet og bandspelaren enn av vanlege leikar. Då han var tre spelte han etter Led Zeppelin-låter og som sjuåring oppdaga han jazzen. Arve Henriksen er ein sann improvistaør med verdas vakraste trompettone som like gjerne responderer frå lyder i salen som medmusikarane, medan Eivind Aarset er ein veteran og innovatør på same tid, alltid i forkant av kva som er mogleg å uttrykka på ein gitar. I bakgrunnen – tilsynelatande diskret – står Jan Bang og haustar lydar for å senda det beste tilbake i miksen. I juni speler dei inn plate med Manfred Eicher på ECM.

18 års aldersgrense (vergeskjema for dei som har ungdom under 18 med seg er tilgjengelig i døra).
Kjøpte billettar refunderes ikkje.
Rabatterte billettar er berre gyldig ved å vise fram medlemskort eller rabattbevis ved inngangen.

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.