Konsert

NATTJAZZ 31. MAI

OUTLIERS + FJORDEN BABY + BWM TRIO + BLOODY BEACH + DET SKANDALØSE ORKESTER + HENRYSON/BALKE/JORMIN/KLEIVE

OUTLIERS
Olli Steidle er den hippaste slagverkaren i Berlin og gjesta festivalen i fjor med SoKo Steidle. Håvard Wiik kjenner vi frå Motif, Håkon Kornstad, Wibutee og eigen trio, medan Toby Delius bidrar med inspirasjon frå eit nomadeliv som har tatt han til så ulike stader på planeten som Amsterdam og Mexico. Clayton Thomas bind det heile saman. På konsertar kastar dei mkusikalske motiv på kvarandre, tar imot og sender attende med eigen vri. Fritt og intenst, men svingande tilgjengeleg i imponerande samspel.
OLLI STEIDLE trommer / HÅVARD WIIK tangentar / TOBY DELIUS treblås / CLAYTON THOMAS bass

FJORDEN BABY
Det er noko med Loddefjord som skapar stor musikk og lyrikk. Klaustrofobisk drabantbypunk vert uanstrengt blanda med dansefot og spretne poplåtar. Debutalbumet gjorde Dagsavisen ekstatisk og ga omtalen «De nye store» i norsk musikkliv, andreplata endte på tredjeplass på Vg-lista og fekk terningkast seks i same avis. Reggae, dub, nyveiv, røff poesi, elektronika og sjangeroverskridande overraskingar. På scena tar dei med seg høgblokkangsten i eit intenst energisk og karismatisk liveshow. 
STURLE KVILEKVAL vokal / JAN EIVIND BERTELSEN slagverk / KJETIL GRIMSBY HARR bass / JAN HENNING BUEN gitar / NAM PHOUNG NGUYEN tangentar

BWM TRIO
Er det mogleg å ta energien som tangentmann i Shining inn i ein akustisk pianotrio? Svaret er utan tvil ja. Musikken er energisk og aggressiv, ofte i eit vanvittig tempo med utanomjordisk teknikk, men har også rom for rolegare temperament gjennom balladar og meir tilbakelente songar. Dette kan fort bli konserten det vert snakka om lenge etter at festivalen er ferdigŠ «Skru det høyt, la deg kjøre over og rive med!» (Øyvind Nyvoll, Sørlandsscenen 9/10) 
BERNT MOEN piano K/ LAUS BLOMVIK trommer / ROGER WILLIAMSEN kontrabass

DET SKANDALØSE ORKESTER
Sidan 2011 har Det skandaløse orkester drive satire på dei normale sin bekostning. Musikken er eksperimentell og til tider sjokkerande innvikla, både for publikum og musikarane, men har samstundes ein kommersiell appell gjennom fengande rytmar, melodiar og humoristiske tekstar. Den viktigaste inspirasjonskjelda er Frank Zappa, noko som kjem til uttrykk gjennom full sjangerforvirring, galskap, spontanitet og perfekt koreografi i skjønn blanding. Unik musikk av høg kvalitet kombinert med sylskarp humor, fenomenale tekstar og eit frenetisk sceneshow.
MATS ERIK MIKKELSEN vokal / SONDRE JØRGENSEN tangenter / ØYSTEIN BECH-ERIKSEN gitar /BÅRD S. LARSEN bass / SIVERT KARLSEN trommer / BJØRN BLOMBERG saksofon / TROND GJELSTEN DALE marimba

HENRYSON / BALKE / JORMIN / KLEIVE
Eit band med fire av dei viktigaste musikarane i europeisk jazz dei siste 20 åra. Prosjektet som kan sjåast på som ein komprimert variant av Magnetic North Orchestra er drive framover av musikarane sin vedvarande trong til utforsking og samspel. Bandleiar Henryson er like komfortabel med elbass som cello og har eit uvanleg spenn i fortida si. Han har vore bassist i bandet til Yngwie Malmsteen, samarbeida med Anne Sofie von Otter og Elvis Costello, forutan å vera ein viktig person på den skandinaviske jazzscena, mellom anna med Kristin Asbjørnsen. Kammerjazz med enorm synergieffekt! 
SVANTE HENRYSON cello / JON BALKE piano / ANDERS JORMIN kontrabass / AUDUN KLEIVE trommer

BLOODY BEACH
I eit catchy inferno av rock, dub, afrobeat og psykedelisk pop snik dei fem gutane seg fram som ein ny favoritt både live og på plate. Det er faktisk ein del år sidan dei først gjorde verda merksam på kva dei var for noko med «Bonanza», som seinare skulle bli opningslåta til Lydverket sine sendingar på NRK. Etterkvart kom det ein 7"-vinyl på Tellé Records, debutplata vart derimot utsatt fleire gonger. Men 2014 ser verkeleg ut til å bli året for Bloody Beach. I mars ga dei ut det etterlengta albumet «Bloody Beach Pirate Radio Presents», som vart godt mottatt i pressa, og Bergens Tidende skreiv følgjande: «Bloody Beach leverer lydsporet til årets beste halvdel - ekstatisk, tropisk, sympatisk». Bandet er også booka til både Øyafestivalen og Roskilde i sommar, men fyrst vert det bonanza og fest i Røkeriet på siste dag av årets Nattjazz!
CHRIS HOLM bass / ARNE HÅKON TJELLE vokal / ANDERS WINSENTS gitar / ERLEND ALM LERSTAD tangentar /  KIM ÅGE FURUHAUG trommer

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.