Konsert

NATTJAZZ 30. MAI

WAYNE SHORTER + AUGUR ENSEMBLE + PAPANOSH + ANORAK + EGG3 + IBRAHIM ELECTRIC

Endeleg på Nattjazz: WAYNE SHORTER
Komposisjonane hans er blitt jazzstandardar. Han har vore med å endra hovudretninga til sjangeren i alle fall to gonger. Han er rekna som ein av verdas viktigaste saksofonistar, og han har framleis meir på hjartet. Som låtskrivar og utøvar, var han tungt inne i Miles Davis sine prosjekt på seint 60-tal, inkludert In a silent way og Bitches brew. Derifrå var vegen open for kommersiell og virtuos suksess i Weather Report saman med Joe Zawinul og etterkvart Jaco Pastorius. 80 år, men med eit styrke i spelet og ein iderikdom langt yngre saksofonistar berre kan misunna han. 
WAYNE SHORTER saksofon / BRIAN BLADE trommer / DANILO PEREZ piano / JOHN PATITUCCI bass

AUGUR ENSEMBLE
Augur Ensemble blandar jazz, kammermusikk og improvisasjon på en nyskapande måte, og med sin uvanlege konstellasjon skapar dei eit originalt og heilt særeige uttrykk. Musikken strekk seg frå nøye arrangert kammermusikk, til leikande fri improvisasjon. Det er ikkje nødvendigvis dei store eksplosjonane det er snakk om her, heller meir klangfulle parti, og komplekse og vakre melodiføringar. Augar har tidligare gjort omfattande turnéverksemd i Sveits, Tyskland og Finland og har slept albumet «The Daily Unknown» til strålande kritikk.
KASPAR VON GRÜNIGEN bass / ANNI ELIF EGECIOGLU cello, vokal / FABIAN M. MUELLER piano / ØYVIND HEGG-LUNDE trommer / EIRIK DØRSDAL trompet

PAPANOSH
Vinnaren av Jazz Migration Tour 2013 kjem med intens musikk inspirert av Mingus og amerikansk jazz med aksent av austeuropeisk musikk. Bak namnet står ein kvintett som har sugd til seg det meste av kvalitet og omforma det til eit eige uttrykk, ein stad der Lounge Lizards og New York-undergrunnen møter Oksitania på Orientekspressen. Musikken er ferdigskriven, men på scena er det berre utgangspunktet for låtane ­ dei blir heile vegen laga på nytt og utvikla etter kvart som konserten heldt fram. «... 5 improvisers inhabited by an eccentric volubility and a deliciously cheeky imagination...» (JazzAct) 
RAPHAEL QUENEHEN saksofon / QUENTIN GHOMARI trompet / SEBASTIEN PALIS piano, akkordion / JEREMIE PIAZZA trommer / THIBAULT CELLIER bass

ANORAK
Distinkt og original musikk, pepra med referansar frå femti- og sekstitalsmusikken som drog Iain Ballamy inn i jazzen i første omgang. Bandet transformerer uanstrengt det som ein gong starta som Stella By Starlight og All The Things You Are til heilt eigen musikk, forma av årevis med felles erfaring. I to tiår har Ballamy etablert seg som ein spanande og kompromisslaus musikar, spelt inn plater på ECM med Food og Quercus, og opptrådd med så ulike musikarar som Django Bates, Bill Bruford og Stian Carstensen. 
IAIN BALLAMY saksofon / GARETH WILLIAMS piano / STEVE WATTS bass / MARTIN FRANCE trommer

EGG3
King Crimson, Morphine og Zappa. Rock, prog, jazz og klassisk. Struktur i botn legg til rette for improvisasjon og eit system i galskapen. Til tider liknar det på ein musikal der King Crimson, System of A Down og Motörhead står for musikken og Philip K. Dick og David Lynch for manuset. Regien kan det verke som om Tim Burton og Frank Zappa har hatt stått for. Sistnemnde geni er i grunnen ikkje den dummaste referansen, med musikk som opererer i det same spennet mellom kontrollert komposisjon og improvisasjon som det Zappa gjorde.  
VIDAR K SCHANCHE gitar / INGE BREISTEIN baritonsaksofon, synth, samples / STÅLE BIRKELAND trommer

IBRAHIM ELECTRIC
Ibrahim Electric har dei siste åra blitt ein kjempepopulær live act i Europa og debut-cden vart ein bestseljar! Musikarane er mellom dei mest ettertrakta instrumentalistane i Danmark. Saman utforskar dei grensene mellom jazz, rock, afro og funk, og prøver energisk å hakka seg nye stier gjennom bushen. Live er Ibrahim Elctric spontane, stramme, virtuose, punkete og ikkje minst smittande glade for å stå på ei scene. Eigne komposisjonar, saman med klassikarar frå Jimi Henrix og Eddie Harris vert presentert med superenergi og rå groove, og trioen er ei fantastisk konsertoppleving!  
STEFAN PASBORG slagverk / NICLAS KNUDSEN gitar / JEPPE TUXEN Hammond B3

 

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.