Konsert

NATTJAZZ 27. MAI

MADELEINE PEYROUX + JULIA HOLTER + GRIEGAKADEMIETS EKSAMENSKONSERTER

 MADELEINE PEYROUX
Frå bakgater i Paris til dei største scenene i verda, frå tolkningar av popmusikk til eigne knallsterke komposisjonar. Madeleine Peyroux blir ofte omtalt som ein moderne Billie Holiday, men sjølv om det sentimentale følgjer henne, er ho så mykje, mykje meir. I ein intim trio med fine musikarar ho har jobba med sidan 2006, utforskar ho både eigen musikk og den moderne songskatten, representert ved Leonard Cohen, Randy Newman og Ray Charles. Ei melodisk og potensielt tårevåt reise med enorm og sårbar sjel.
MADELEINE PEYROUX vokal / JON HERINGTON gitar / BARAK MORI bass
 http://madeleinepeyroux.com

JULIA HOLTER
Björk? Laurie Anderson? Joni Mitchell? Kate Bush? Julia Holter er alt dette og så mykje, mykje meir, opererande i eit univers der sjanger er noko som andre må forholda seg til. Musikken sprett uanstrengt frå kabaret til St. Etienne-møter-Beach-Boys til ambient draumejazz, heile tida med den klokkereine stemmen hennar som berande element. Nyaste plata «Loud City Song» fekk stort sett seksarar i alle aviser, og VG skreiv: «Høydepunkt er i det hele tatt stikkordet her.» Vakkert, storslått og ambisiøst, ei konsertoppleving som kjem til å treffa deg fysisk.
http://www.juliashammasholter.com

 
GRIEGAKADEMIETS EKSAMENSKONSERTER
Møt morgondagens jazzstjerner allerie i dag. I samarbeid med Griegakademiet si jazzlinje vert eksamenskonsertane for avgangselevane framførd i ei realistisk ramme i festivallokala til Nattjazz. I fjor var det lange køar då Martin Halla hadde sin konsert, nivået er minst like skyhøgt i år.

Konserter i Studio USF frå kl. 17.30. GRATIS INNGANG.

Klokkeslett
17.30 ÅSMUND EVJA EIKILL
18.15 CATO LYNGHOLM
19.00 KNUT JOHANNES KONGSVOLD

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.