Konsert

NATTJAZZ 24. MAI

DR. JOHN & THE NITE TRIPPERS +STEINAR RAKNES STILLHOUSE + TORBJØRN ZETTERBERG & DEN STORE FRÅGAN + SPACEMONKEY + LIVING SPACE + LIBERTY SHIP

DR. JOHN & THE NITE TRIPPERS
Dr John, eller Mac Rebannack, si fargerike karriere starta på 50-talet der han spelte gitar på platene til Professor Longhair og Art Neville. Ei skyteulukke tvang han over på tangentar, og etter kvart inn i studio med Van Morrison, Aretha Franklin og Rolling Stones. Solokarriera inkluderer seks Grammys – siste i 2013, plass i  Rock and Roll Hall of Fame, og gjenombrotsalbumet "Gris Gris" frå 1968 er nr 143 på Rolling Stone si "The 500 Greatest Albums of All Time"-liste. Musikken tar utgangspunkt i rythm and blues frå New Orleans, iblanda jazz, funk og rock. Dr. John gjorde eit solid comeback i 2012 med den plata "Locked Down", som toppa mange lister på slutten av året og sikra doktoren nok ein Grammy-pris til peishylla. Albumet vart  produsert av Dan Auerbach frå The Black Keys.
http://www.nitetripper.com/

STEINAR RAKNES STILLHOUSE
Stillhouse var i utgangspunktet eit soloprosjekt for vokal og kontrabass ­ som resulterte i ei av dei vakraste platene i 2012 ­ kjem no med fullt band. Steinar Raknes speler bass i internasjonal elitedivisjon og blir samanlikna med Charles Mingus. Han har etablert banda The Core og Urban Connection (Spellemann 2001) og spelt med jazzlegenda Chick Corea. Med Stillhouse har Raknes gått heilt nye veger med coverlåtar henta frå rock, blues, country og americana, i tillegg til eigenskrive musikk.
STEINAR RAKNES bass, vokal / PAOLO VINACCIA trommer / ERLEND SLETTEVOLD tangentar / EVEN HERMANSEN gitar

TORBJØRN ZETTERBERG & DEN STORE FRÅGAN
Etter sju plater på sju intensive år tok Torbjörn Zetterberg ein pause frå bandleiarrolla. Fem år etter siste skive er han endeleg tilbake, friskare og meir inspirert enn nokon gong. Med ny plate og nytt band ­ ei blanding av gamle kumpanar og ferske fjes ­ er melodi, energi og overraskande krumspring garantert. Dei fleste har opplevd Zetterberg som virtuos bassist saman med Jonas Kullhammar, her er sjansen til å oppleva kor fantastisk komponist den grammisnominerte bandleiaren også er.
TORBJÖRN ZETTERBERG kontrabass / SUSANA SANTOS SILVA trompet, flugelhorn / MATS ÄLEKLINT trombone / PER «TEXAS» JOHANSSON saksofon, klarinett, fløyte / ALBERTO PINTON saksofon, klarinett, fløyte / CHRISTOPHER CANTILLO trommer

SPACEMONKEY
Improvisasjon, dansemusikk og elektronikk i spennet mellom fri jazz og open techno. To svært travle og svært kjente fjes i norsk jazzliv har funne rom til å laga ein plattform for deira felles interesse for improvisasjonsmusikk. Morten Qvenild er kjend frå In The Country, The National Bank og Solveig Slettahjell Slow Motion Orchestra medan Gard Nilssen har sete i PUMA, Bushman´s Revenge, samt i bandet til Susanne Sundfør. Speisa, spanande og vakker musikk, som stadig overraskar og kaster seg inn i nye klanglege rom. Spacemonkey sitt debutalbum ”The Karamn Line” er ute på Hubro no, og fekk mellom anna terningkast seks i Bergens Tidende: ”På "The Karman Line" tar de to oss med på en romreise som har sine utfordrende sider, men som blir bedre og bedre jo lengre du kommer.”  
MORTEN QVENILD tangentar, elektronikk / GARD NILSSEN trommer, elektronikK

LIVING SPACE
Bergen sin eigen Kjetil Møster har på ny satt saman eit stjernelag etter eige hjarte. I tussmørket mellom jazz og rock vekslar han mellom livet som popstjerne i Datarock, og stadig utforskande, nyfiken og nyskapande musikk i sine eigne prosjekt. Prosjektet kom i stand i samband med ein hyllingskonsert til John Coltrane på jazzklubben Room For Squares i 2012. Etter kvart har bandet laga eige materiale, framleis sterkt påverka av 60-talets ekspressive New York-scene. Kvartetten leverte nyleg ein strålande konsert hos Bergen Jazzforum, og no er dei altså klare for årets Nattjazz.
KJETIL MØSTER saksofon / EIVIND AUSTAD piano / MAGNE THORMODSÆTER kontrabass / FRANK JAKOBSEN trommer

LIBERTY SHIP
Danna i 2012 av supersaksofonist Pietila og er eit band som navigerer i eit farvatn av frijazz og improvisert musikk, på stadig jakt etter nye opplevingar. Eventyrlysta tar dei også inn i samtidsmusikk og andre stader utanfor kjende kart. Kreativt og lite føreseieleg i eit tett og samanhengande samspel. Kåra til «Best new releases 2013» av The New York City Jazz Record magazine. «Liberty Ship sailed to the European frontline - The music of Liberty Ship threw the group brightly into the crowd of one of the best European groups.» (Helsinki SanomAT)
ESA PIETILA saksofon / AKI RISSANEN piano A/ NTTI LÖTJÖNEN bass / OLAVI LOUHIVUORI trommer


 

 

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.