Konsert

NATTJAZZ 22. MAI

ROB MAZUREK & SAO PAOLO UNDERGROUND + NILS PETTER MOLVÆR + COME SHINE + HÅKON KORNSTAD TENOR BATTLE + INTERSTATIC

ROB MAZUREK & SAO PAOLO UNDERGROUND
Avant garde - samba:
Bland saman elektrisk jazz, minimalistisk elektronika, samba og bossa nova. Putt ein kornett med lyd ein stad mellom Miles Davis og Don Cherry oppå der. Resultatet er melodisk, drivande gøy og kaotisk som ein gatemarknad i Sao Paulo. Musikarane er etter kvart veteranar i å øydeleggja sjangerkonvensjonar – i staden for lange improviserte strekk, tar dei gjerne ut energien i korte intense låtar – og lager musikk som får merksemd langt utanfor jazzkyrkjelyden og inn i rockeverda. 
ROB MAZUREK kornett, div / GUILHERME GRANADO tangentar, vokal /MAURICIO TAKARA perkusjon, cavaquiho, elektronikk
http://www.robmazurek.com/



NILS PETTER MOLVÆR
Trompetist, komponist og produsent Nils Petter Molvær tar jazz, ambient, elektronika og break beats, såvel som element frå hip hop, pop og rock, og kvernar det heile saman til eit unikt og dramatisk lydlandskapskap med høg intensitet. Med nye medspelarar dei siste åra, har musikken tatt ei mørkare og meir suggererande vending, men framleis med tunge beats og trompetspel i verdsklasse.
NILS PETTER MOLVÆR trompet / ERLAND DAHLEN trommer / GEIR SUNDSTØL gitar / JO BERGER MYHRE bass
http://www.nilspettermolvaer.info/

COME SHINE
Publikums- og kritikaryndlingane i Come Shine er tilbake med same fandenivoldske og virtuose tilnærming til jazzhistoria som før. Med kløktige arrangement frå tangentmann Skomsvoll, får kjende standardlåter ny drakt og ny vitalitet. Live Maria Roggen har, forutan eigen solokarriere som resulterte i Spellemannspris, opptrådd mellom anna med Trondheim jazzorkester og Trondheim Voices. Meisfjord og Mjåset Johansen heldt rangen som ein av noregs tettaste rytmefundament telepatisk samspel. Med nye arrangement har bandet fornya seg i ein djupt groovy og klassisk strikt retning, med eit hint av kabaretmusikk. Come Shine er ute med sitt fyrste studioalbum på 12 år i midten av mars, og feirar platesleppet med storslagen konsert i Operaen.
LIVE MARIA ROGGEN vokal / ERLEND SKOMSVOLL tangentar / SONDRE MEISFJORD bass / HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer

HÅKON KORNSTAD TENOR BATTLE
Spennvidde, anyone? I februar 2012 debuterte han som tenorsongar i Mozart-operaen «La finta giardiniera». Ein dryg månad tidlegare var han nominert til Spellemann for årets jazzplate. No returnerar Håkon Kornstad med prosjektet «Tenor Battle,» der han ikkje er snauare enn at han kombinerer nettopp opera og jazz. Bandet kan best beskrivast som eit slags oppdatert salongorkester, inspirert av 78plate-æraen, der jazzsvisker lever side om side med opera-ariar, og vakre balladar vert avløyst av improviserte strekk i kjent Kornstad-stil. Håkon Kornstad er kjend som ein av landets fremste saksofonistar, med ein tone så varm at han kan smelta kva som helst, røysta hans gjer det same.
HÅKON KORNSTAD tenorsakson, operatenor / PER ZANUSSI kontrabass / SIGBJØRN APELAND trøorgel / ØYVIND SKARBØ trommer, perkusjon

INTERSTATIC
InterStatic (tidligare kjend som Young/Powell/Vespestad) er eit nordisk jazzrockpsykedeliaband som byr på originalskrive orgeljazz med vakre melodiar, tøffe groover og intenst samspel. Bandet består av tre av våre mest framifrå jazzmusikerar: Jarle Vespestad (Farmers Market, Tord Gustavsen Trio) og Jacob Young høyrer til den nye generasjonen med norske musikere på ECM. Roy Powell er busett i Noreg med fartstid frå den nye og kreative jazzscena i England. Komposisjonar av Jacob Young og Roy Powell med referansar til Tony Williams Lifetime, Terje Rypdal og Portishead.
JACOB YOUNG gitar / ROY POWELL orgel / JARLE VESPESTAD trommer

Se også www.nattjazz.no.

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.