Film

FILM: Krigshelten, Paul Verhoeven 1977

Helteepos, krigseventyr og krigsrefleksjon, med Rutger Hauer i hovudrolla

Cinemateket USF
Onsdag 8. januar kl. 20.30
Torsdag 9. januar kl. 18.00
Søndag 12. januar kl. 13.00
Kr 80 ordinær
Kr 40 medlemmer
Medlemsskap kr 100
Billettsalg ved inngangen like før visning

Rutger Hauer spelar hovudrolla som den aristokratiske studenten Erik Lanshof. Han er del av ein vennegjeng som i liten grad bryr seg om politikk. Når nazistane invaderer Holland vert gruppa uunngåeleg dratt inn i konflikten. Av personane i gruppa sluttar Alex seg til den tyske hæren medan Gus blir ein av motstandsleiarane for heimlandet. Sistnemnte flukter etter kvart til England i lag med Erik, der dei får nøkkelroller i ei mykje større undergrunnsrørsle som arbeider for å få gjeva dronning Wilhelmina tilbake den nederlandske trona.

Det unike med Krigshelten er moduset den vert fortalt i: ei merkverdig form for satirisk stemning som kjem fram gjennom ei blanding av vittigheitar og kynisme. Samstundes som den fungerer heilt prima som pur underhaldning, viser den sjangeren fram som ufullstendig. Actioneventyret blir skrudd av og på alt etter som det passar seg, avbrote enten av vulgærhumoristiske innslag eller av alvorstunge og ettertenksame augneblink.

Filmen er også ytterst ærlig i høve til folkesetnaden i Nederland sin oppførsel under krigen og haldningar som eksisterte i nasjonen. Personane som filmen følgjer vel nærast vilkårleg side i krigen og ender opp enten som heltar, skurkar eller rett og slett ignorantar. Krigshelten viser fram desse diffuse skiljelinene og reflekterer over dei utan å felle nokon dom. Det er ein film om aksept, om korleis alle, eller ingen, er heltar.

red.


Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.