Konsert

Motif

Superlag frå norsk jazz gir oss krysspollinert post-bop i prima kvalitet
ATLE NYMO Saksofon, klarinett
EIVIND LØNNING trompet
OLE MORTEN VÅGAN bass
HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer
HÅVARD WIIK piano MICHAEL THIEKE klarinett
 
Med fokus på groove vil bandet gje publikum ei oppleving med nesten telepatisk interaksjon, eksploderande rytmar og vakre balladar. Sidan starten i 1999 har Motif vore eit band som kontinuerleg krysspollinerar ulike stilar, enten det er frie parti eller element frå popmusikk – alltid med energi og trøkk! Blandinga av komponert musikk og improviserte strekk dannar ryggraden i bandet, og gjev nokre av våre mest respekterte musikarar ein sjanse til å verkeleg visa kva dei er gode for. 

Motif på web

Motif på Myspace

Dørene åpner kl. 21:00.
Konsertstart kl. 22:00.

Billetter i forsalg bruk lenke til høgre på sida.