Konsert

JAZZMATINE MED BERGEN BIG BAND / KNUT RIISNÆS PÅ SAX

Bergen Big Band er eit av dei leiande store jazzensembla i Noreg idag. Gjennom samarbeidet med Terje Rypdal har bandet mange av dei største og mest prestisjetunge jazzfestivalane i Europa. Til sommaren skal bandet til USA og Canada og spela på jazzfestivalane i Vancouver, Montreal og Rochester. I november i fjor urframførte bandet tingingsverket "Another Sky" av John Surman på festivalen Parma frontiere. På Vossa Jazz urframfører bandet tingingsverket "Kuria-suite" av Knut Kristiansen. På Nattjazz er det duka for nok ei urframføring - eit verk av Jon Balke.

Sundag 4. mars kl. 15:00 er dei klare for samarbeid med Knut Riisnæs. Han skulle ikkje trengja nærare presentasjon. Han har vore ein av dei leiande norske saksofonistane i over ein mannsalder.

Kom på USF og opplev storbandmusikk slik det skal spelast.

I tillegg er det gratis!






 

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.