Konsert

NATTJAZZ: MARYLAND + ATOMIC + GRIEGAKADEMIETS EKSAMENSKONSERTER

MARYLAND

MARIA KANNEGAARD piano / PER JØRGENSEN trompet / OLE MORTEN VÅGAN bass / HÅKON MJÅSET JOHANSEN trommer

Maria Kannegaard er ei av våre fremste pianistar, med ein distinkt stil og ein utruleg sterk musikalsk personlegdom. Ho har mellom anna vist seg fram med eigen trio, med Eldbjørg Raknes og Live Maria Roggen, forutan å komponera for Trondheim Jazzorkester. Med stillferdig ettertanke, lada intensitet og vulkanske utbrot kler ho rolla som både utøvar og spanande komponist med sans for melodiar. Bandet integrerar improvisasjon og komposisjon med tett samspel og enorm musikalitet. Ver budd på ekspressiv, lyrisk og dramatisk musikk, spelt med hjarte og hjerne.

.........................

ATOMIC

"...one of the worlds greatest jazz outfits" (Downbeat).

INGEBRIGT HÅKER FLATEN bass PAAL NILSSEN-LOVE trommer HÅVARD WIIK piano FREDRIK LJUNGKVIST saksofoner, klarinett MAGNUS BROO trompet

Når dei største lungene i skandinavisk jazz slår seg saman med verdas mest energiske rytmeseksjon veit vi at det er klart for konsert med Atomic igjen. Etter danninga i 1999 har bandet framstått som eit superband i ein ny skandinavisk generasjon, eventyrlystent og med utadvendt trøkk og groove. Ved å kombinera den nyskapande rytmeseksjonen med Håvard Wiik på piano, Ingebrigt Håker Flaten på bass og Paal Nilssen-Love på trommer - ein kombinasjon som fekk strålende merksemd som kultgruppa Element - og med Stockholms frontlinje med Magnus Broo og Fredrik Ljungkvist - er denne gruppa eit av dei friskaste ensembla på vegen i dette årtusenet.

http://www.atomicjazz.com

............................


Se også www.nattjazz.no for arrangementsinformasjon og billettpriser.
Kontakt Nattjazz for eventuelle spørsmål om arrangementet.

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.