Konsert

NATTJAZZ: KITCHIE KITCHIE KI ME O + FARMERS MARKET + ARVE HENRIKSEN TRIO + DIE ENTTAUSCHUNG + MEDERIC COLLIGNONG JUS DE BOCSE + SASQUATCH + HEDVIG MOLLESTAD TRIO

KITCHIE KITCHIE KI ME O
Superband frå Madrugada, My Midnight Creeps og Ricochets!

ALEX K vokal, gitar / FRODE JACOBSEN bass / BEHZAD FARAZOLLAHI trommer / DAG STIBERG saksofon / ANDERS MØLLER perkusjon / RIKKE NORMAN kor / MARIANNE PENTHA kor

Den norske rocketrona er tatt over av eit superband med medlemmer frå My Midnight Creeps, Madrugada, Ricochets og Kåre & the Cavemen. Med svovel, svette og dyster ørkenblues er bandet meir eksotisk, meir groovy og meir rå soul enn nokon andre. Dei som førebels har hatt høve til å oppleva Kitchie Kitchie Ki Me O på ein av dei få sagnomsuste og smekk fulle konsertane kan fortelja om hypnotiserande rytmer, morderisk saksofon og eit heilt unikt uttrykk.

http://www.kitchiekitchiekimeo.com/

.............................

FARMERS MARKET

STIAN CARSTENSEN trekkspel, vokal / NILS-OLAV JOHANSEN gitar, vokal / TRIFON TRIFONOV saksofon, klarinett / JARLE VESPESTAD trommer / FINN GUTTORMSEN bass

Det er lite i verda som kan overgå ein konsert med Farmers Market. Med halsbrekkande teknikk, eit smittande humør og eit par av noregs mest morosame personar på scena, er bandet blitt synonymt med skeive taktartar og musikalsk galskap. Repertoaret består av høgenergisk musikk, med bulgarsk folkemusikk som inspirasjon. Dette vert krydra med spontane musikalske distraksjonar og ein hybrid dei sjølv kallar pepsodentisk speed-balkan-boogie med cowboyakkordar. Trekkspelspelar og multiintrumentalist Stian Carstensen er midtpunktet i bandet som har eksistert sidan 1991, og saman med sine durkdrivne kumpanar bergtar Farmers Market publikum med musikk der det meste er lov, berre det går fort nok.

http://farmers-market.net/
http://www.myspace.com/farmersmarkettheband

...........................

HEDVIG MOLLESTAD TRIO

HEDVIG MOLLESTAD gitar / ELLEN BREKKEN bass / IVAR LOE BJØRNSTAD trommer

Hedvig Mollestad Trio speler i hovudsak eigenkomponert materiale, flankert av musikk frå jazzhistorien med ein eigen twist. Sjangersjongleringa tar bandet innom progrock frå 70-talet i tillegg til element av friare improvisasjon. Hedvig Mollestad fekk prisen for Årets Jazztalent under Moldejazz i 2009 og danna denne trioen som eit resultat av dette. Klassekampen skreiv: "Til dømes var det mykje artigare å høyra elgitaristen Hedvig Mollestad Thomassen fra Ålesund gje jernet i debutkonserten med sin eigen dyktige trio enn å høyra Jeff Beck gjennomføra ein rutinejobb."

http://www.myspace.com/hedvigmollestadtrio

......................

ARVE HENRIKSEN MED AUDUN KLEIVE OG HELGE NORBAKKEN


Vakker trompet frå ein sann improvisatør. Musikken til Arve Henriksen er prega av leik og forvitenskap, samt ein stor dose humoristisk sans. Han er ein sann improvisatør og kan – enten det er nysing eller stolskraping blant publikum -    midt i ein konsert bli inspirert til å føra musikken sin i nye retningar. Trompetlyden er lyrisk og vakker, men han går ikkje av vegen for å leika med konvensjonane her også, og kan gjerne spela instrumentet med saksofonmunnstykke eller utan munnstykke i det heile. Han har fleire plater ute under eige namn og ikkje minst saman med Supersilent. I kveld blir han tett flankert av to av landets finaste perkusjonistar, Audun Kleive og Helge Norbakken.

http://www.arvehenriksen.no

....................

DIE ENTTÄUSCHUNG

AXEL DÖRNER trompet / RUDI MAHALL bassklarinett / JAN RODER bass / ULI JENNESSEN trommer

Jazz frå i går og for i morgen. På nittitalet slapp berlinkvartetten si første plate, utelukkande med musikk skrive av Thelonius Monk. Bandet klarte på elegant vis å vera trufaste mot originalane, men samstundes tilføra noko nytt og eige. Kvartetten har gjeve ut heile katalogen til Monk saman med Alexander von Slippenbach og opplevde ei euforisk presse i etterkant. Etterkvart har dei byrja å bruke eigne komposisjonar og på scena opptrer dei med kollektive improvisasjoner og fantastiske soloer. Die Enttäuschung spelar fryktlaus frijazz med ryggrad, sjølvironi, humor og glimt i auget!

http://www.myspace.com/dieenttaeuschung

....................

MEDERIC COLLIGNON JUS DE BOCSE

Funky og forførerisk - intens og leikande. Kornettisten og vokalisten er klassisk utdanna, men kan vel så gjerne trøkka til med vokalimprovisasjon som blander scat, beatbox og falsett. Han mikser saman hardrock, funk jazzrock og klassisk musikk med musikalsk nyfikenhet, knottar og forvrenger med hjelp av elektronikk og kan vel så gjerne stilla opp med slidetrompet eller leikeinstrument. På scena er han forfriskande, funky og underhaldande.

http://www.myspace.com/medericollignofficial

....................

SASQUATCH

ANDRÉ ROLIGHETEN treblås / ARILD HOEM altsaks / THOMAS JOHANSSON trompet / MAGNUS RØD HAUGLAND kontrabass / DAG MAGNUS NARVESEN trommer

Sasquatch speler energisk, moderne jazz som lener seg til frijazz, rock og klassisk samtidsmusikk. Gjennom ei blanding av strenge arrangement, sterke låter og ei open innstilling til det ukjente, vert den frynsete og frie jazzen gjort meir tilgjengeleg, sjølv for eit ikkje-innvidd jazzpublikum. Det meste av musikken er komponert av Dag Magnus Narvesen, men bandet lagar også låter saman. Bandet hentea hovudsakleg inspirasjon frå den progressive jazzen, med klare referanser til Archie Shepp, Ornette Coleman, Atomic og Albert Ayler. Musikarane har mellom anna erfaring frå Albatrosh, Team Hegdal og Time Jungle.

http://www.myspace.com/sasquatchjazz

....................

Se også www.nattjazz.no for arrangementsinformasjon og billettpriser.
Kontakt Nattjazz for eventuelle spørsmål om arrangementet.



 


Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.