Konsert

NATTJAZZ: JON EBERSON GROUP + SUSANNE WALLUMRØD SYNGER GUNVOR HOFMO + NOVGOROD

JON EBERSON GROUP

JON EBERSON gitar / HILDE MARIE KJERSEM vokal / HEDVIG MOLLESTAD THOMASSEN gitar / SIGURD HOLE bass / FINN SLETTEN perkusjon

Bandet hadde gjennombrot i med plata Jive Talking som kom ut for 30 år sidan. Frå då til no har gruppa romma fleire av Noregs mest kjende musikarar, som til dømes Sidsel Endresen og Bugge Wesseltoft. Dei har mottatt to Spellemenn.
I 2011-versjonen er musiikken komponert av Jon Eberson, tekstane av Hilde Marie Kjersem og bandet representerar noko av det ypperste av klassisk, melodiøs vokaljazz, med eit breitt spenn frå jazzrock til lavmælte ballader.

http://www.jonebersongroup.no/


...........................

SUSANNA WALLUMRØD SYNG GUNVOR HOFMO

SUSANNA WALLUMRØD vokal / STÅLE STORLØKKEN tangenter / HANS MAGNUS RYAN gitar / JO BERGER MYHRE bass / ERLAND DAHLEN trommer

Gunvor Hofmo er rekna som ei av dei viktigaste modernistiske lyrikarane i landet, og ingen har som henne klart å skildra sjelsliv, tap og lengt på ein så intens og desperat, men samstundes lavmælt og kjenslevar måte. Susanna Wallumrød har etablert seg i elitesjiktet mellom norske musikarar med duoen Susanna and the Magical Orchestra og som soloartist. Sist vi såg henne på Nattjazz var i bandet til Bonnie "Prince" Billy. Denne gongen kjem ho med eit stjernelag med musikarar frå mellom anna Elephant9, Madrugada og Motorpsycho.

............................

NOVGOROD

..........................


Se også www.nattjazz.no for arrangementsinformasjon og billettpriser.
Kontakt Nattjazz for eventuelle spørsmål om arrangementet.




Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.