litteratur

AGNES RAVATN: KOR GÅR GRENSENE FOR DEN SKJØNNLITTERÆRE JOURNALISTIKKEN

Agnes Ravatn spør og svarer seg sjølv på Skrivekunstakademiets temakveld 14 september. Kom og høyr ho som kanskje er den skarpaste og mest observante, kristiske og humoristiske forfatteren i Noreg i dag.

Forfattar og journalist Agnes Ravatn stiller spørsmål ved kor grensene bør gå for den skjønnlitterære journalistikken, og kjem med lettfattelege svar.

Ravatn gjekk på Skrivekunstakademiet i 2004/05, er frå Ølen i Vindafjord og har på kort tid etablert seg som ein frekk, lur, observant og morosam skribent med ein trufast fanskare. Ho har gjeve ut tre bøker i sjangrane roman, fanzine og essayistikk. Ho er kjent for sin humoristiske, kritiske og undersøkende penn.

Ravatn debuterte med romanen Veke 53 i 2007. Her møter vi den middelaldrande, skilde lektoren Georg Ulveset, som innser at han er misfornøgd med dei fleste vala han har teke i livet. I 2008 kom den svært utradisjonelle utgivinga Ikke til hjemlån, med høgdepunkt frå undergrunnsfanzinen som Ravatn var ein av drivkreftene bak.

I essaysamlinga Stillstand, frå 2009, skriv Ravatn ein serie essay med utgangspunkt i situasjonar der ingenting skjer. Resultatet har blitt eit humoristisk og sivilisasjonskritisk portrett av Noreg, med høg gjenkjenningsfaktor.

For Veke 53 fekk Ravatn Natt & Dags Bergenspris for beste bok i 2007, og ho blei tildelt Alfred Andersson-Rysst fond for 2008.

Temakvelden er gratis og ope for publikum. Velkommen!


Skrivekunstakademiets lokaler er å finne i 3 etasje på USF. Ta heisen frå første og ta ein 360 graders sving til venstre idet du går ut av heisen. Fortsett i retning Puddefjorden i lang korridor.
Alternativ inngang er frå dør E på oversiden av huset, fortsett i retning øst mot Puddefjorden heilt til Skrivekunstakademiet sin dør.








Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.