Konsert

BERGEN JAZZFORUM: ATOMIC + VANDERMARK 5

Helaften med dobbeltkonsert

ATOMIC

Ingebrigt Håker Flaten: bass, / Paal Nilssen-Love: trommer og perkusjon / Håvard Wiik: piano / Fredrik Ljungkvist: saksofon (tenor og baryton), klarinett / Magnus Broo: trompet

Når dei største lungene i skandinavisk jazz slår seg saman med verdas mest energiske rytmeseksjon veit vi at det er klart for konsert med Atomic igjen. Etter danninga i 1999 har bandet framstått som eit superband i ein ny skandinavisk generasjon, eventyrlystent og med utadvendt trøkk og groove. Ved å kombinera den nyskapande rytmeseksjonen med Håvard Wiik på piano, Ingebrigt Håker Flaten på bass og Paal Nilssen-Love på trommer - ein kombinasjon som fått strålende merksemd som kultgruppa Element - og med Stockholms frontlinje med Magnus Broo og Fredrik Ljungkvist, er denne gruppa eit av dei friskaste ensembla på vegen i dette årtusenet.
Atomic nettsider.


VANDERMARK 5

Tim Daisy: perkusjon / Dave Rempis: saksofoner / Kent Kessler: bass / Fred Lonberg-Holm: cello / Ken Vandermark: treblås

Ken Vandermark danna bandet våren 1996. Siden den gong har han brukt ensemblet som et redskap for å generera nye ideer om komposisjon og improvisasjon, noko som har førd til at referanseverket Penguin Guide to Jazz on CD, kaller gruppa "a modern-day band for the jazz ages." Bandets noværande medlemmer har alle hatt fleire års erfaring med et breidt utvalg av musikk og musikarar. Kvaliteten hjå bandet speglar kva Vandermark kan komponera for dei, han hentar element frå jazzhistoria, frå moderne komposisjon, funk og rock, men heile tida med blikket retta framover.
Ken Vandermark nettsider.

 

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.