Konsert

BAJAZZ: LEKTOR BJERKES ORKESTER

Anders Bitustøyl - bass og vokal / Sigbjørn Apeland - orgel og vokal / Sigrid Moldestad - hardingfele og vokal / Øyvind Skarbø - trommer og vokal

Lektor Bjerkes Orkester syng og spelar berre kjekke songar. Dei likar å kle seg i stilige hattar og fargerike kler. På programmet står kjende og kjære barnesongar, men mykje av musikken vert til undervegs.

Musikarane har bakgrunn frå forskjellige stilartar, både salmesong, pling-plong musikk, bygderevy, felegnikk og rock`n roll.

Det vert leik og moro med vanlige og uvanlige instrument - kjente songar i ny innpakning og tull og tøys i skjønn forening.

Billett kr. 50. Kan reserverast hos bajazz@bergenjazzforum.no

Litt om musikerne:
Sigbjørn Apeland er organist i Sandvikskirken i Bergen. Spelar ofte kyrkjeorgel til stumfilm,har hatt konsert med 24 trøorgel i tre-etasjes stillas, spelt under tenning av den norske julegrana i London, samt uttallige hyggestunder for eldre på bergenske sykehjem.
Anders Bitustøyl er bassist frå Telemark. Likte særs godt blokkfløyte då han gjekk på barneskulen og hadde gjerne 10-12 fløyter i sekken. Det er nok difor han er blitt so god bassist, berre spør Ephemera, Karin Park eller Odd Nordstoga. Har vore fast rulleskøytetårn med Ylvis i 3 år og likar seg godt i danseband.
Øyvind Skarbø spelar trommer og kjem frå Sunnmøre. Spelte på gulrotrasp under Festspillene i Bergen, hatt solokonsert under dusjen i ein gymgarderobe, spelt i tenniskostyme med det amerikanske jentebandet Rubies og hatt trommesolo med 100 teskjeier!
Sigrid Moldestad er folkemusikar frå Nordfjord. Ho er eigar av ei tung og ubrukelig munneharpe (betre kjend som Spellemannsprisen), har vore felespelande engel under Eurosong i Athen og ein gong i året kler ho seg ut som mann og syng gamle discoslagerar på cabaret i Breimshallen.

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.