Debatt

Studentersamfunnet: Ein einar i bokform - journalist Frank Rossavik om Einar Førde-biografien

Einar Førde (1943-2004) var ein einar på mange felt. Ikkje berre i politikken og som kringkastingssjef, men òg som retorikar og framsynt humorist. Men kven var han eigentleg, denne mannen som skaper slikt oppstyr også etter sin død? ”Flogvitet” frå Høyanger, som entra rikspolitikken som 22-åring, kom til å prega norsk samfunnsliv i ein mannsalder. Som partistrateg førte han Arbeidarpartiet gjennom eit hamskifte, og som kringkastingssjef (1988-2001) berga han NRK gjennom overgangen frå monopol til mangfald i eteren. Førde hadde ei av dei skarpaste tungene i norsk offentlegheit. Om han til tider var sjokkerande ærleg, var han også ein realist og pragmatikar. Han vert rekna som ein av dei største parlamentarikarane etter krigen, og som ein av dei mest markante kringkastingssjefane. Men Førde var mykje meir enn eit markant maktmenneske. Han kom seg ut frå småbygda i Sogn og realiserte draumane sine om å bli noko stort her i verda. Hans vaks opp i ein machokultur, noko som saman med vestlandshumoren og bedehuskulturen forma Førde sin særeigne veremåte. Dei siste månadene har Einar Førde på ny prega den offentlege debatten. To nye biografiar har fått tabloidane til å gassa seg i private detaljar, KGB-historier og morosame anekdotar frå Førde sitt alt anna enn keisame liv. I kveld vil journalist Frank Rossavik fortelje om biografien Stikk i Strid, som han har skrive om ”renessansemennesket” Einar Førde.

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.