Debatt

Humleøkonomi - den nordiske velferdsmodellen NB: AVLYST

Det er økonomisk naturstridig at dei nordiske landa gjer det så bra, akkurat som at humla kan fly. Til tross for dette er den nordiske velferdsmodellen blitt ein internasjonal slager. Korleis kan dette ha seg? Den nordiske velferdsmodellen blir kjenneteikna av høge offentlege utgifter, gode sikringsnett og avtalar mellom arbeidstakarar og arbeidsgivarar som sikrar stabilitet. Den nordiske arbeidarrørsla har godtatt eit nokså fritt arbeidsliv, medan motparten i byte godtar ein omfattande velferdsstat basert på utjamning og likestilling. Tufta på ulike prinsipp og verdiar enn andre allment aksepterte og fungerande økonomiske modellar, viser den at den liberalistiske vegen til økonomisk vekst ikkje er den einaste. Modellen har derfor vore sett på som sosialdemokratiets suksess. Den nordiske modellen utgjer såleis eit interessant sosialt laboratorium. Dei fleste etablerte teoriar innan moderne økonomi er utvikla for å kunne studere marknadsbaserte, USA-inspirerte institusjonar og vert som oftast testa i ein amerikansk kontekst. Erfaringane fra Norden set desse teoriane på ei prøve som mange av dei ikkje består. Karl Ove Moene er leiar for forskingsprosjektet “Likhet, sosial organisering og økonomisk utvikling”, som ser på paradokset at dei skandinaviske landa klarer seg så godt i globaliseringas tidsalder sjølv med høgt skatte- og lønsnivå. I kveld skal han og Rögnvaldur Hannesson, professor frå NHH, saman sjå nærare på den nordiske velferdsmodellen. Tid og sted Sted: Sardinen, USF Verftet Dato: tirsdag 09. oktober 2007 Klokkeslett: 19:15 Møteleder: Turid Vaage Innledere: Karl Ove Moene - Professor, UiO Rögnvaldur Hannesson - Professor, NHH

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.