Film

Written on the wind ( Douglas Sirk 1956 )

"To appreciate a film like Written on the Wind probably takes more sophistication than to understand one of Ingmar Bergman's masterpieces, because Bergman's themes are visible and underlined, while with Sirk the style conceals the message." Det er Chicago Sun-Times sin velkjente filmkritikar Roger Ebert som gjer seg opp desse tankane om eit av genrens uomtvistelege meisterverk, regissert av melodramaets største stilist og ironikar, eksiltyskaren Douglas Sirk. Mykje er sagt om Written on the Wind. Pedro Almodóvar seier at han har sett filmen tusen gonger og ikkje kan vente med å sjå han igjen. Rainer Werner Fassbinder seier at han frigjer hovudet, og at Sirk har vore hans eine, store inspirasjon. Etter kassasuksessane Magnificent Obsession (1954) og All that Heaven Allows (1955), fekk Sirk under arbeidet med Written on the Wind friare tøyler enn tidlegare, og kunne lage eit svært dystert og stilisert portrett av eit USA på skakke. Resultatet er det reine skjære vanvidd, der Sirk vrir den amerikanske draumen i fillebitar. Filmen er proppfull av håpløyse, desillusjon og tragedie, og det fortalt med dei mest glossy og praktfulle filmbileta ein kan tenke seg. Alt ser ut som det er klipt rett ut frå forsida av eit romantikk-magasin. Sirk har sagt at filmen er ein studie i det å mislykkast. "Tragic rondos" var eit yndlingstema for Sirk, menneske fanga i sirklar dei aldri kan kome ut av. Written on the Wind er ekstrem i så måte. Alt er gjennomført bittert, og dei plaga karakterane er anten usympatiske eller hyklerisk gode. Musikkbruken vekslar mellom søt sviskemusikk og eggande mambotonar som til sist går heilt av hengslene i sine ironiske kommentarar til handlinga og dei einspora hovudpersonane. Kamera er konstant i røyrsle, og lyssettinga er medvite unaturleg og kommenterande. Historia sitt utgangspunkt er endog like trashy som bileta er glossy. Written on the Wind er den eine store inspirasjonskjelda for såpeoperaene Dallas og Dynastiet. Den krinsar rundt ein rik oljefamilie med patriarken i midten. Her finn me den nymfomane dottera, den alkoholiserte sonen, bestevennen som blir føretrekt framfor sonen sjølv og sekretæren som giftar seg inn i herlegdomen. Ja, ein skjønar kva det går i. Men i motsetning til tv-avleggjarane handsamar altså Sirk heile suppa med eit bittert smil. Written on the Wind avslører kollektive draumebilete. Han er vakker, grufull og vanvittig gripande på same tid.
Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.