Film

Dancer in the dark ( Lars Von Trier 2000 )

Den fattige fabrikkarbeidaren Selma er ved å miste synet, og sonen risikerer same dystre lagnad om Selma ikkje klarer å spare opp nok pengar til ein operasjon. Ho er ikkje langt unna målet, men pengane i brødboksen viser seg snart å friste andre personar som ho trudde ho kunne stole på, men som til sist viser seg å vere langt mindre oppofrande enn ho sjølv. Selma sin grå kvardag vert opplyst av dagdraumar der ho syng for full hals til rytmane frå lydane i fabrikken. Arbeidskollegane vert i fantasiane hennar til dansepartnarar i lystige musikalnummer. Og uansett kor gale det går med Selma, ho kan alltid søkje styrke i draumane sine. Björk spelar både hovudrolla og er ansvarleg for musikken i filmen. I fylgje opplysningar frå filminnspelinga spelte ikkje Björk i vanleg forstand, ho følte seg inn i og gjennom historia. Med andre ord, dei kjenslemessige reaksjonane hennar på lerret skal visstnok vere ektefølte. Historiene om det konfliktfylte samarbeidet med regissør Lars von Trier er då også mange. Trier prøvde å presse ut av ho reaksjonar som kunne høve filmen. Björk kom frå det med livet i behald, men med alvorlege traumar og eit definitivt standpunkt om aldri meir å prøve skodespelaryrket. Men heider og ære vann uansett begge to, filmen vann Gullpalmen i Cannes og Björk stakk av med prisen for beste kvinnelege skodespelar. Lidingshistoria om Selma glir fint inn under sin eigen sub-genre i det hollywoodske melodramaet. Denne spesialiserte retninga omhandla alltid ei mor som vart skilt frå barnet sitt og som derpå ofra alt for dette. Desse filmane enda vanlegvis med ein tragisk slutt der mora må bøte med livet i eit siste offer, ein kjærleikserklæring for å redda framtida til avkommet. Retninga hadde si storleikstid på tretti- og tidleg førtital, med filmar som Stella Dallas (1925, 1937) og Mildred Pierce (1945) som dei kanskje mest kjende. Von Triers intensjonar med å børste støv av denne lite akta genren er uvisse. Nokre ser på Dancer in the Dark som ein skamlaus freistnad på å prove at han er så dyktig i registolen at han kan gjere sjølv det dårlegaste materiale om til gull ved å trykke på dei retta knappane. Men ein kan like gjerne seie at von Trier vil tvinge tilskodaren til å anerkjenne melodramaet og ta inn over seg dei store kjenslene.
Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.