Bluesgitarist? Jazzgitarist? Rockegitarist? Favorittgitaristen til Tom Waits? Og Elvis Costello? Svaret er ja. Med base i New York har Ribot etablert seg både med eigen karriere og som ein studiofavoritt hjå svært mange artistar. Denne gongen får vi han heilt for oss sjølve. Marc Ribot (f. 1954) byrja å spela gitar som 10-åring. Etter han flytta til New York i 1978 vart han etter kort tid sidemann for mellom anna Jack McDuff, Wilson Pickett og Solomon Bruke. I Knitting Factory-miljøet trefte han John Lurie, noko som endte med 5 år som medlem av Lounge Lizards. Som studiomusikar har han i tillegg til nevnte Waits og Costello, blant annet Marianne Faithfull på CV'en. I dag er Ribot aktiv med eigne prosjekt, så vel som samarbeid med Madeleine Peyroux og John Zorn.