Konsert

Odd Nordstoga

I februar er det duka for eit nytt studioalbum frå Odd Nordstoga. Deretter ber det ut på ein omfattande sleppeturné med fullt band.

Albumet, som er eit godt gammaldags dobbeltalbum, har fått namnet "Kløyvd". Noko av musikken har du kanskje fått med deg, sidan seks spor er utgjevne på strøymetenestane i løpet av 2017. Låten "Fri" har du nok høyrt på radio. Den viste seg å vera ein solid hit, og har lenge versert på topp 10 på radiolistene her til lands.

Kløyvd viser på sett og vis to sider av artisten og låtskrivaren Odd Nordstoga. Den eine sida er akustisk, forteljande og lenande mot vise- og countrygenren. Den andre er meir høgmælt, elektrisk og med kjenslene springande rett ut frå musikken.

Odd Nordstoga og hans fantastiske band gler seg veldig til å koma ut å framføre denne plata! I tillegg lovast sjølvsagt ein utsøkt bukett låtar frå den etterkvart ganske omfattande back-katalogen. ”Dette kjem til å bli så moro. Dette kjem til å bli bra”, seier Nordstoga.

Facebookevent

 

 

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.