To særs spennande og nyskapande duoar; brørne Hans & Rasmus Kjorstad og Røine/Hulbækmo står bak verket Reolô.
"Fire banebrytande folkemusikarar samarbeider i Reolô, og resultatet høyrest ikkje ut som noko anna. ...musikarane bak Reolô har sett seg føre å lage noko heilt nytt, og det har dei fullt ut lukkast med. I tillegg er det steinbra. Dei som klagar over at norsk folkemusikk er traust og ovleg tradisjonell, eller at såkalla arrangert folkemusikk her heime alltid høyrest svensk ut, må høyre denne kvartetten. For slikt som dette har dei ikkje, svenskane." Sitat frå meldinga i folkemusikk.no. Les heile her http://www.folkemusikk.no/rolo-melding-strukturell-endring/
Konsertserien VRENG fører folkemusikkbaserte musikarar saman i nye settingar, i kombinasjon med konstrasterende uttrykk frå eksperimentell musikk.
Del 1 av serien går frå oktober 2017 til april 2018.
Konsertane skjer i intime lokal - anten i kunstgalleriet Visningsrommet USF eller i blackboxscena Studio USF.
Billettar blir selt online på Ticketmaster.no eller ved inngangen, NB: KUN kortbetaling.
Me oppfordrar til å kjøpe online. Medlemmar av nyMusikk får rabatt.
VRENG er eit samarbeid mellom nyMusikk Bergen og USF Verftet. Støtta av Norsk Kulturråd.
Heile programmet ser du her www.vreng.no