Konsert

Monk i 100 - Knut Kristiansen Tentet

Thelonius Monk feires i et virutuost samspel mellom Kåkå og musikarar frå Bergen Big Band og Bergen Filharmoniske Orkester, med slagverkaren John Riley som gjest
KNUT KRISTIANSEN piano / JOHN RILEY slagverk / TOR YTTREDAL alt-sopransaksofon / ZOLTAN VINCZE tenorsaksofon / AKSEL RØED baritonsaksofon / ARE OVESEN trompet / SINDRE DALHAUG trombone / FRED JOHANNESSEN franskhorn / NIKLAS A: KVENILD tuba / SIGURD ULVESETH bass

Thelonius Monk – gal, genial og ein gigant i musikkhistoria. Knut Kristiansen – briljant pianist, og ein av dei fremste ekspertane på Monk, både i hovud og fingrar.

Kåkå – to stavingar som maner fram bilete av myndig autoritet og briljant pianospel. At Bergen huser den fremste tolkaren av Monk i Europa er ein vesentleg, men ikkje utfyllande del av historia om Knut Kristiansen – undervegs har han lagt grunnlaget for eit yrande jazzliv og musikkundervisning i byen, starta storband og vore (og stadig er!) ein vesentleg formidlar av afrikansk og latinamerikansk musikk. Han vann Buddyprisen i 1983 og Vossajazzprisen i 1990.

Under 100-årsmarkeringa av Monk vil KK stå for arrangementa og legg opp til eit virtuost samspel med musikarar frå mellom anna Bergen Big Band og Bergen Filharmoniske Orkester. Gjest er New York-baserte John Riley – hustrommeslagar i Village Vanguard, som har spelt med fleire av dei største stjernene i jazzhistoria.

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.