Konsert

Spyro Gyra

Jepp – dei eksisterer enno. Stifta i 1974, vore kontinuerleg på vegen sidan 1976, nominert til Grammy tolv gonger og seld over 10 millioner plater

JAY BECKENSTEIN saksofon / JULIO FERNANDEZ gitar, vokal / LIONEL CORDEW trommer / SCOTT AMBUSH bass / TOM SCHUMAN tangenter 

Jepp – dei eksisterer enno. Stifta i 1974, vore kontinuerleg på vegen sidan 1976, nominert til Grammy tolv gonger og seld over 10 millioner plater – få andre band har hatt same suksess innanfor melodisk pop-jazz som Spyro Gyra. På plate kombinerer dei R&B, pop og karibisk musikk med jazz – samstundes som dei har vore generøse med å invitere gjester, Brecker Brothers, Marcus Miller, Steve Gadd og Toots Thielemann, berre for å nemna nokre høgdepunkt. Når dei tar musikken med seg på scena blir det heile meir dansbart og funky frå eit lag med ekstremt fingerferdige instrumentalistar. Fun fact: Bandleiar og saksofonist Jay Beckenstein er mannen bak sopransoloen på Dream Theater-låta Another Day.

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.