Konsert

Atomic

Når dei største lungene i skandinavisk jazz slår seg saman med verdas mest energiske rytmeseksjon veit vi at det er klart for konsert med Atomic igjen

NGEBRIGT HÅKER FLATEN bass / HANS HULBÆKMO trommer / HÅVARD WIIK piano / FREDRIK LJUNGKVIST saksofonar, klarinett / MAGNUS BROO trompet

Verdas beste liveband er tilbake på Sardinen! Når dei største lungene i skandinavisk jazz slår seg saman med verdas mest energiske rytmeseksjon veit vi at det er klart for konsert med Atomic igjen. Etter danninga i 1999 har bandet framstått som eit superband i ein ny skandinavisk generasjon, eventyrlystent og med utadvendt trøkk og groove. Ved å kombinera Håvard Wiik på piano, Ingebrigt Håker Flaten på bass og nykomar Hans Hulbækmo på trommer, med Stockholms frontlinje frå Magnus Broo og Fredrik Ljungkvist – er denne gruppa eit av dei friskaste ensembla på vegen i dette årtusenet. «…one of the worlds greatest jazz outfits» (Downbeat).

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.