SOLVEIG SLETTAHJELL vokal / KNUT REIERSRUD gitar / MORTEN QVENILD piano / ROGER ARNTZEN bass / PÅL HAUSKEN trommer
Dei møttest på scena saman med berlinfilharmonien i 2014 og bestemte seg for å fortsetja samarbeidet vidare, noko som resulterte i den kritikarroste plata med same namn. Musikken er eit djupdykk i den afroamerikanske blues- og gospeltradisjonen med musikaranes særeigne signatur.
Solveig Slettahjell har vi møtt som frontfigur i hennar eige Slow Motion Orchestra; Knut Reiersrud høyrer vi på radio kvar laurdag, samt med eit unikt gitarsærpreg på haugevis av plater dei siste tjue åra – Frå Morten Harket til Sondre Bratland. In The Country har nyleg samarbeidd med Frida Ånnevik om å tonesetja Hans Børli-dikt, noko som endte med Spellemannominasjon for albumet Skogenes Sang.
Billetter: 320,- / BT-fordel & Dealpass: 255,- / Medlem: 220,-