KRIS DAVIS piano / OLE MORTEN VÅGAN bass / FREDRIK LJUNQVIST saksofon, klarinett / ØYVIND SKARBØ trommer
Kvar for seg kan dei fronta kva scene som helst – saman kan dei snart overta verda…
Kris Davis – ung pianist, nummer to på Downbeat-lista over dei mest lovande jazzmusikarane i verda og godt etablert med eigen trio og samarbeid med Tyshawn Sorey. Ole Morten Vågan – intens kontrabassist med røynsle frå Motif, Gammalgrass og Joshua Redman. I Fredrik Ljungkvist finn ein kanskje den mest allsidige og spanande treblåsaren i Skandinavia, ikkje minst saman med Atomic. Medan Øyvind Skarbø skulle vera velkjend frå 1982 og Bly De Blyant, samt ei mengde andre band i Bergen og landet forøvrig. Davis og Skarbø har planlagt dette bandet ei god stund, og no er det endeleg blitt verkeleggjort: Demokratiske og likestilte komposisjonar med improviserte utbrot.