Konsert

Alfredo Rodriguez

Bergen Jazzforum: Rodriguez gir oss ein samansmelting av jazz og cubansk musikk der du ikkje veit om du skal måpa, dansa eller finna nokon å klina med.

Essensen av Cuba frå ungt kjempetalent!

ALFREDO RODRIGUEZ piano / REINIER ELIZARDE bass / MICHAEL OLIVERA trommer

Alfredo Rodriguez var knapt fylt tjue då han vart invitert til å spela på Montreaux Jazz Festival, der han vart oppdaga av sjølvaste Quincy Jones, som seinare produserte debutalbumet hans. Han gjesta Bergen på Nattjazz i 2013, den gongen sat han nesten fyr på lokalet med den villaste versjonen av Guantanamera som nokon gong er framførd. Det formidable pianotalentet har ein distinkt stil der han blandar ekstremteknikk med varmblodig pasjon og lidenskap – resultatet er ein samansmelting av jazz og cubansk musikk der du ikkje veit om du skal måpa, dansa eller finna nokon å klina med. Med seg har han ein stødig rytmeseksjon som bidreg med krutt til fyrverkeriet.

Alfredo Rodriguez på Facebook

Facebookevent https://www.facebook.com/events/159969781070667/

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.