Konsert

Nils Petter Molvær og Sly & Robbie

Masters of rythm Sly & Robbie fra Jamaica møter nordisk elektronisk jazz med Nils Petter Molvær, Eivind Aarset og Vladislav Dealy

Jamaica møter Norden i eit unikt samarbeid! Sly Dunbar og Robbie Shakespeare er sett på som reggaens beste og mest innovative rytmeseksjon. Saman har dei lånt ut rytmisk punch og nær telepatisk samspel til dei viktigaste innspelingane i reggaehistoria – Bob Marley, Peter Tosh,  Jimmy Cliff – så vel som eit stort knippe eigne album. Samspelet deira er verdsatt også utanfor Jamaica, noko som har ført til samarbeid med mellom anna Grace Jones, Black Uhuru, Bob Dylan og Herbie Hancock.

Trompetist, komponist og produsent Nils Petter Molvær tar jazz, ambient, elektronika og break beats, såvel som element frå hip hop, pop og rock, og kvernar det heile saman til eit unikt og dramatisk lydlandskapskap med høg intensitet. Med Khmer omdefinerte han jazzen i 1998 – sidan den gong har han fortsett å fornya både seg sjølv og elektronisk musikk.

Som ein av noregs mest etterspurde gitaristar har Eivind Aarset mellom anna jobba med Bill Laswell, Dhafer Youssef, Jon Hassell, Jan Garbarek, Paolo Fresu, Marilyn Mazur og Andy Sheppard.  Som musikar har han ein unik musikalsk visjon som vert absorbert og reflektert i alt han gjer, enten det er stille og intimt, eller sviande intenst. Debutplata på Jazzland vart omtalt i New York Times som “One of the best post-Miles electric jazz albums,” ein kompliment som Aarset seinare har både innfridd og overgått både i studio og på scena.

Vladislav Delay er eitt av mange psevdonym for elektronicatrollmann Sasu Ripatti. Han har vore involvert i ambient, glitch, house og techno – og er kjend for ei organisk kjensle i musikken saman med tunge basslinjer. Han har også eit eksperimentelt jazzband på si.

NILS PETTER MOLVÆR trompet, elektronikk / SLY DUNBAR trommer / ROBBIE SHAKESPEARE bass / EIVIND AARSET gitar, elektronikk / VLADISLAV DELAY elektronikk, perkusjon

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.