TERJE ISUNGSET isinstrument / MARIA SKRANES isinstrument, vokal / ANASTASIA ISACHSEN video
Sist Terje Isungset gjesta oss var det med instrument laga av glas, denne gongen blir det eit meir kjøleg gjensyn – alle instrumenta er nemleg laga frå is. I år er det 16 år sidan prosjektet starta, turneane har gått verda rundt, og Terje Isungset er den einaste ismusikaren i verda.
I denne spesialproduksjonen finn vi Isungset sjølv på scena i samspel med Maria Skranes (Machine Birds), tett flankert av ein isteknikar som bringer instrumenta til og frå scena, så dei ikkje skal smelta. Anastasia Isachsen set det heile i perspektiv når ho tar publikum med inn i isen si visuelle verd. Med lyddesignar som brukar surroundlyd vert publikum totalt omslutta av is – og det utan å fryse – konserten vert spelt i normal innetemperatur, blir dette ei unik oppleving.
Isen vi ser og høyrer på scena vart henta opp frå eit vatn på Geilo i januar og har i mellomtida stått på fryselager for å bli brukt til denne turneen – Instrumenta vi får høyre og sjå på scena er isofon, ishorn, isbukkehorn, istrommer, isperkusjon og isringler i tillegg til Maria Skranes si røyst. Musikken er frå Isungset sine to siste isplater “Winter Songs” og “Meditations”.