Som vanleg – i den grad noko er vanleg med dette bandet – vert musikken skapt spontant her og no, ingenting planlagt på førehand. Supersilent har i ei årrekkje vore leiande på den internasjonale improscena, og er eit band som aldri ser seg tilbake i si jakt etter nye musikalske landskap. Kvar for seg er dei verdsleiande på eigne instrument, saman leverer dei stadige meisterverk.
STÅLE STORLØKKEN keyboards, elektronikk / ARVE HENRIKSEN trompet, trommer, elektronikk, røyst / JARLE VESPESTAD trommer / HELGE STEN/DEATHPROD elektronikk