Film

The End of Violence - Wenders 1997

LA-filmprodusent fanga i eigen dramaturgi

Det moderne Los Angeles er vevd saman av filmindustri, dataekspertar, latinamerikanske immigrantar og politi. Dette utgjer ramma for Wim Wenders «detektiv-historie» The End of Violence.

Mike Max, spela av Bill Pullmann, er ein filmprodusent som konsentrerer seg om valdsfilmar – nett no er «The Seeds of Violence» under innspeling. Udo Kier spelar regissør. Max blir kidnappa av to menn, noko som tilfeldigvis blir fanga opp av eit overvakningskamera. Politiet finn etter kvart lika av dei to kidnapparane, men ingen filmprodusent.

Filmproduksjonsjobben hans blir teke over av Paige, kona til Max. Ho sjekkar e-posten og finn ei datafil med klassifisert informasjon. Dette blir etterkvart kopla saman med kidnappinga.

The End of Violence er ein film om kva som hender når det normale tilværet sakte går i oppløysing. Dette ser vi igjen i fleire av Wenders sine filmar, med Kings of the Road og Paris, Texas som eksempel. Karakterane hans blir teke ut av det rutinemessige livet og plassert i kontrasterte situasjonar, slik Mike Max blir det då han midt i ei telefonsamtale blir kidnappa.

The End of Violence var den første filmen til Wim Wenders etter samarbeidet med Michelangelo Antonioni på Bortenfor skyene (1995) og filmen har noko antonionisk over seg med romlege relasjonar mellom mennesker og objekt. Resultatet er ein film der streng narrativitet og karaktermønster kjem i bakgrunnen.

red.

The End of Violence. Regi: Wim Wenders. Tyskland/Frankrike/ USA 1997. Manus: Nicholas Klein. Foto: Pascal Rabaud. Musikk: Ry Cooder. Medv.: Bill Pullman, Andie MacDowell, Gabriel Byrne, Udo Kier m.fl. Utleige: NB. Engelsk tale, norske undertekstar. 35 mm, fargar, 2 t 2 min.

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.