Flunkande nytt band med fire unge instrumentalistar på veg opp, sameint gjennom felles lidenskap for improvisert og eksperimentell musikk. Her blir musikalske referansar frå jazz, rock og impro brotne ned og blanda i ei kruttsterk gryte. Når musikarane ikkje spelar med Rune Your Day kan dei høyrast i Bushman’s Revenge, Albatrosh, Krokofant, The Core og Team Hegdal. Musikalske landskap som beveger seg opent og fordomsfritt mellom sjangre og lyduttrykk.
JØRGEN MATHISEN saksofoner, klarinett // ANDRE ROLIGHETEN saksofoner, bassklarinett // RUNE NERGAARD bass // AXEL SKALSTAD trommer