Utforskande, musikalsk og melodisk. Med impulsar frå rock, jazz, støy og verdsmusikk står Gunnar Halle seg godt i norsk trompetfauna. Med fersk plate – for første gong under eige namn – og knallsolid band i ryggen, blir det både vakkert og utfordrande. Gunnar Halle budde i København frå 1997 til 2007, der han stifta labelen ILK som no har over 200 titlar i katalogen. Han har medverka på meir enn 70 plater, og turnert med mellom anna Tys Tys og Fredrik Lundin. I dei siste åra har han jobba med Eivind Aarset, Mari Boine og Espen Eriksen.
GUNNAR HALLE trompet, elektronikk, vokal // STEPHAN SIEBEN gitar // PUTTE JOHANDER bass // KNUT FINSRUD trommer