Sardinen USF
Søndag 14. september
Dørene åpner kl. 12.00 / konsert kl. 13.00
Kr 400 (familiepass)
Kr 125 (barn under to år gratis)
Forsalg Ticketco.no
Kl. 13.00: CHRISTINE SANDTORV
CHRISTINE SANDTORV vokal / IVER SANDØY trommer / YNGVE SÆTRE tangenter / INGE RYPDAL gitarer
Ho er mest kjend for landeplagen “Girls keep secrets in the strangest ways” saman med Ephemera, men har vist at ho kan skriva og framføra fabelaktig musikk på eiga hand. Sist ho var hjå oss hadde ho pysjen på og framførde godnattpop med sjølvlaga vuggeviser. Denne gongen kjem ho med ny plate, Stjerneteller – Dinomaur!, også denne prega av hennar særeigne sound som har innkassert både Spellemann og Alarmpris.
Christine Sandtorv er kanskje mest kjend som som frontfigur og låtskrivar for den norske stjernegruppa Ephemera. Frå 1996 til 2004 ga gruppa ut fem album og innkasserte ei rekkje priser. I 2006 kom Christine ut med si første soloplate og i 2009 kom den første barneplata «Stjerneteller – Godnattsanger». Dette blei også starten på Stjernetelleruniverset. I 2012 kom den andre plata i Stjernetellerserien ut «Stjerneteller – Gullamanter», denne vant Spellemannsprisen for beste barneplate i 2012. No er plate nummer tre i serien ute, like magisk som dei to førre.
---------
Kl. 14.00: THE VOSSA REBELS - Verdens yngste rockabilly-kvartett!!!
EIVIND STYVE trommer SONDRE STYVE bass JAKOB SJØTUN gitar SONDRE HEGG gitar, vokal
Ein rockabillykvartett der medlemane er knapt 50 år. Til saman. Som har spelt på Øyafestivalen. Og opptrådd på Balejazz. Og Norske Talenter!
The Vossa Rebels er eit rockabillyband frå Voss, med Sondre Hegg på gitar og vokal, Eivind Dæmring Styve på trommer, Sondre Dæmring Styve på kontrabass, og Jakob Sjøtun på rytmegitar. Medlemane er mellom 10 og 15 år. Om Styve-namnet let kjend, så kan vi stadfesta at mykje av genene i bandet kjem frå legendarisk gitarist i Twang Gang, Erlend Styve. Bandet er i gong med å skriva eigne låter og jobber med si første plate. På scena gjenskapar dei, frå ein periode der stil og brylkrem betydde alt. Musikken spelar dei med intens autoritet og innsatsvilje, og gitaren på nakken.