Konsert

WINTHER/ÅMAN/MOGENSEN & GEORGE GARZONE

New York-saksofonist møter skandinavisk trio og gir oss drivande og funky jazz

Sardinen USF
Fredag 7. februar
Dørene opner kl. 20.00
Konsertstart kl. 21.00
Kr 180/160/120
Forsalg Ticketco.no

GEORGE GARZONE saksofon / CARL WINTHER piano / JOHNNY ÅMAN bass / ANDERS MOGENSEN trommer

Den mildt sagt hardtsvingande trioen framstår på eigenhand som eit slags skandinavisk MMW eller The Bad Plus, og pianist Carl Winther blir samanlikna med Brad Mehldau. Dei utvidar gjerne bandet, og har mellom anna jobba tett saman med Petter Wettre og Jerry Bergonzi. New York-baserte Garzone har spelt med dei fleste; frå Elvis, Liberace og Aerosmith til Michael Brecker og Chick Corea, forutan å ha vore saksofonlæraren til Joshua Redman. Drivande og funky!

18 års aldersgrense (vergeskjema for dei som har ungdom under 18 med seg er tilgjengelig i døra).
Kjøpte billettar refunderes ikkje.
Rabatterte billettar er berre gyldig ved å vise fram medlemskort eller rabattbevis ved inngangen.

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.