Konsert

NATTJAZZ 28. MAI

!!! (Chk chk chk) + MIKKO INNANEN & INNKVISITO + THE FJORDS + MISS TATI + GLOW +

!!! (CHK CHK CHK) kom inn i verda med rennefart på seint nittital og fekk det store gjennombrotet i 2004 med Louden Up Now. Ryktet som eit av dei hippaste banda på planeten ga dei mellom anna oppvarmingsjobb for Red Hot Chili Peppers. Blandinga av punkrock og dansbar musikk er kanskje blitt mindre hektisk og meir melodiøs etter kvart som !!! har modnast, men den ekstreme energien og villskapen på scena er stadig hinsides det du har opplevd før.
http://www.chkchkchk.net/

MIKKO INNANEN & INNKVISITO
Når finsk jazz sin gullgut slår seg saman med Fredrik Ljungkvist frå Atomic og i tillegg har med seg eit av dei største trommetalenta Skandinavia nokon gong har sett, er det duka for tett og melodisk energi. Bandet ser bakover og framover på ein gong – element frå jazzhistoria blir bearbeida i ein moderne kontekst og utsatt for snodige groover, tung swing og lynkjapp interaksjon mellom musikarane. Friskt og gnistrande godt frå start til mål!
MIKKO INNANEN saksofonar / SEPPO KANTONEN tangentar / JOONAS RIIPPA trommer / FREDRIK LJUNGKVIST saksofon, klarinett
http://www.mikkoinnanen.com/

THE FJORDS
Med en solid bakgrunn frå den norske jazz- og undergrunnsscena, er Petter Vågan sin musikk ei fengslande blanding av filmatisk electronika, pop og indie. Etter å ha starta som eit soloprosjekt har The Fjords utvikla seg til et firemannsband med handplukka musikarar frå Trondheim sitt musikkmiljø. Bandet kombinerar kløktig låtskrivarkunst med ei frisk innstilling til elektroniske og akustiske element – noko som til saman utgjer tidlaus musikk med stort hjarte. The Fjords er blitt kåra til ukas Urørt på P3. 
PETTER VÅGAN vokal, gitar, elektronikk / OSCAR GRÖNBERG synth, vokal / BÁRÐUR REINERT POULSEN bass, vokal / KIM CHRISTER HYLLAND trommer, vokal

MISS TATI
Busett i Bergen, bakgrunn frå Portugal og Angola og eit uendeleg friskt pust på den lokale soul- og hiphopscena i byen. Utanom soloprosjektet sitt er ho tungt involvert i Landmarkfenomenet Fagernes Yacht Klubb og ikkje minst i soulbandet The Go-Homes. For dei som har sett henne, så er ord som "sensasjonell" og "briljant" lett å ta i bruk. Under fjorårets Nattjazz leverte Miss Tati ein svært energisk og dansbar konsert på eit fullsatt Studio USF, festivalens mest intime scene på USF Verftet. Men i år tar ho eit stort steg opp på vår største scene, og inntar Røkeriet saman med sitt solide backingband. «Øverst på listen og årets store overraskelse var uten tvil Miss Tati. Hun er dronningen av Nattjazz» ( Magne Fonn Hafskor, Hissig!)  
MISS TATI vokal / IVAR THORMODSÆTER trommer / ANDERS BITUSTØYL bass / EINAR SOGSTAD tangentar / IREM MUFTUOGLU koring, perkusjon / HÅVAR SKAUGEN saksofon, fløyte / MICHAEL BARNES saksofon

GLOW
Duoen har i fleire år fordjupa seg i musikk som beveger seg i grenseland mellom samtidsmusikk, beat og improvisasjonsmusikk. Sound, rytmikk og klang står sterkt i fokus, og komposisjonane beveger seg ofte mellom strengt rytmisk og repetetivt landskap, til meir svevande og opnare landskap. Øystein skar spelar for tida i popbandet Highasakite og med støyrockarane i Cakewalk, medan Øyvind Hegg-Lunde er komfortabel med stort sett alle sjangrar og er sist sett i Building Instrument, Krachmacher og Crab is Crap. Intens musikk med sterk nerve.
ØYSTEIN SKAR piano / ØYVIND HEGG-LUNDE slagverk 

INGRID  NB: Konserten med Ingrid er avlyst pga sykdom
Undervegs i innspelinga av ny plate for Highasakite – sist sett på Spellemannskonsert – oppdaga vokalist Ingrid Helene Håvik at ho hadde skrive ei mengde låtar, der ein del ikkje passa inn like godt på det nye albumet. Samstundes var dei alt for sterke å gje slepp på. Løysinga? Ei parallell soloplate med eit litt anna sound, og så sterk musikk at det fortener eigne konsertopplevingar. Bergens Tidende ga terningkast 5 og skreiv: ««Babylove» er en mørk messe av et album; svevende, mystisk, sakralt. Låtene går langsomt fremover, båret frem av Ingrids nedtonede kvinnestemme over en strøm av varsomme, melodiløse elgitarer og strykere.»

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.