Konsert

NATTJAZZ 25. MAI

DIANNE REEVES + SYLVIE COURVOISIER & MARK FELDMAN DUO + TERRI LYNE CARRINGTONS MONEY JUNGLE + CHRISTIAN WALLUMRØD ENSEMBLE + ODDJOB

DIANNE REEVES
I 2009 sjarmerte ho eit stappfullt Sardinen i senk, sidan den gong har ho fortsatt sin virtuose jazz- og R&B-stil med ei mesterleg evne til improvisasjon, noko som ga henne grammypris for tre plater på rad. I tillegg både spelte og song ho i George Clooney sin film «Good night and good luck,» noko som ga henne Grammy nummer fire for beste jazzvokal. Ho er på sitt beste når ho får stå på ein scene og framføra halsbrekka scatting, superb tolking av jazzhistoria, samt forføra publikum med vittige introduksjonar av band og musikk.
http://www.diannereeves.com/

SYLVIE COURVOISIER & MARK FELDMAN DUO
Moderne improvisert jazz av det mest eksperimentelle ekteparet på improscena i New York. Organisk, levande og pulserande musikk spelt av fire framifrå musikarar så samkjørte at dei framstår som ei eining. Fiolinist Feldman er like heime i kaoset rundt John Zorn og Masada, som han er på plate med Johnny Cash og Willie Nelson. Sylvie Courvoisier er også tungt involvert i krinsen rundt John Zorn, forutan samarbeid med mellom anna Fred Frith, Yuseef Lateef og Tim Berne. «Feldman and Courvoisier profess their superior techniques with minimalistic and sometimes, playful exchanges.» (Allaboutjazz.com)
MARK FELDMAN fiolin /SYLVIE COURVOISIER piano 
http://www.sylviecourvoisier.com/
http://www.markfeldmanviolin.com/enter.htm

TERRI LYNE CARRINGTONS MONEY JUNGLE
Money Jungle-albumet til Duke Ellington er mellom dei viktigaste frå 60-talet og var eit springbrett for både Charlie Mingus og Max Roach. Femti år seinare er det Terri Lyne Carrington sin tur til å hylla og modernisera desse låtane. Grammyvinnar, wunderkind, bandleiar og trommeslagar. Med hennar funky trommespel imponerte ho jazzveteranar allereie som born, og stilen ga henne etterkvart jobb hjå Herbie Hancock, Wayne Shorter og i bandet på The Arsenio Hall Show, forutan ei rekkje plater i eige namn. Money Jungle er nominert til Grammy 2014 for beste instrumentalalbum.
TERRI LYNE CARRINGTON trommer / AARON PARKS piano / ANTONIO HART saksofon / ZACH BROWN bass
http://www.terrilynecarrington.com/

CHRISTIAN WALLUMRØD ENSEMBLE
I ei blanding av jazz, folke-, samtids- og middelaldermusikk har Christian Wallumrød funne eit uttrykk som er heilt hans eige. Lågmælt og mystisk, og samstundes melodisk og uendeleg vakkert. Spennvidda i musikken kjem også til uttrykk i musikarane han har valt ut til ensemblet sitt, der vi finn våre leiande utøvarar frå jazz, folkemusikk og klassisk. På plate har han heile vegen vore under vengjene til Manfred Eicher og ECM, der ferske «Outstairs» ga ensemblet Spellemann. 
CHRISTIAN WALLUMRØD tangentar / EIVIND LØNNING trompet / GJERMUND LARSEN fiolin, hardingfele, bratsj / ESPEN REINERTSEN saksofon / TOVE TÖRNGREN cello / PER ODDVAR JOHANSEN slagverk

ODDJOB
Oddjob vart fødd i 2005 etter ei kjærleiksaffære mellom jazz og funk. Etter det har bandet tatt til seg ei heil rekkje sjangrar; afrobeat, latin, karibisk, og av og til antydningar til flamenco. Dette verdsfunkbrygget er friskt, festeleg og har med seg dei finaste svenskane landet har å by på. På "Clint" presenterer dei eigne jazzversjonar av låtar frå Clint Eastwood sine filmar, ei plate som fekk terningkast 6 i BT. Etter eit opphald er dei no tilbake med meir funky sjel enn nokon gong. Puss danseskoa og gjer deg klar for ein supercool kveld.
GORAN KAJFES trompet / PETER FORSS bass / PER «RUSKTRÄSK» JOHANSSON altsaksofon / DANIEL KARLSSON piano / JANNE ROBERTSON trommer 

 

 

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.