Billett kr 50, selges ved inngangen.
Dørene åpner kl. 14.00.
Konsert kl. 15.00
Dei populære matinékonsertene held fram på USF også i haust. Bergen Big Band spelar storbandjazz i alle variantar og med norske og internasjonale musikarar som gjestesolistar.
Saksofonisten John Surman er for veteran å rekne, med fartstid frå 1960-tallet. Her i Noreg kjenner vi han spesielt frå samarbeidet med Karin Krog dei siste åra.
Bergen Big Band (BBB) blei skipa i 1991 som ei vidareføring av Bergen Band. Olav Dale har vore musikalsk leiar for bandet i heile perioden. I 1995 gjorde BBB, Nattjazz og Vossa Jazz ein avtale om å gjera årlege prosjekt med bandet i ein treårsperiode. Samarbeidet har helde fram også etter denne treårsperioden.