Konsert

BAJAZZFESTIVAL: CRAB IS CRAP

Med desse to fyrene i aksjon kan alt skje - dette er dyktige musikarar i fri dressur
STIAN OMENÅS trompet, diverse
ØYVIND SKARBØ trommer, diverse
 
Stian og Øyvind er frå nesten same plass, og har i si tid spelt saman i storband i årevis. Men i denne duoen er referansane til storband plassert solid på sidelinja og det er opna opp for alle innfall.

Saman med Stian og Øyvind vil trommeskuledeltakarane vise kva dei har lært.

Ein improvisert konsert som strekk seg frå lyrisk stemning til amok rytmefest.

Velkomen til Bajazzfestival!

Billett som gjeld begge konsertar søndag: kr 150 (dagspass)
Billett som gjeld både laurdag og søndag: kr 200 (festivalpass)
Born under 2 år gratis.

Billetter i salg fra 15. februar.

 

Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.