SIDSEL ENDRESEN på vokal, JAN BANG og ERIK HONORÉ står for live sampling.
Samarbeidet er i utgangspunktet eit konsertprosjekt og plate frå Punktfestivalen der mellom anna David Sylvian bidrar. I dag eit startpunkt med tekst- og musikkfragment frå plata, men med stor vekt på vidare utforsking.
Sidsel Endresen er som nyfeira sekstiåring meir vital enn nokon gong, og heldt posisjonen som vår fremste vokalkunstnar innanfor improvisert musikk. Herrene Bang og Honoré er, forutan å administrera Punktfestivalen, anerkjende produsentar og musikarar, og har spesielt gjort livesampling til ei kunstart.
Les om albumet i All About Jazz.
Billetter i forsalg, bruk lenke til høgre på sida.
Dørene åpner kl. 21:00.
Konsertstart kl. 22:00
Arrangør er Bergen Jazzforum.