Konsert

Jazzout: Honeyleap

Improviatorisk energieksplosjon med skandinaviske musikarar
FREDRIK LJUNGKVIST saksofon, klarinett
KLAS NEVRIN tangentar
PER ZANUSSI bass
ØYVIND SKARBØ trommer
 
Fire av dei fremste improvisatorane på den skandinaviske musikkscena møtes i smakfull energieksplosjon. Med utgangspunkt i komponerte skisser utforskar dei den velkjende jazzkvartettbesetninga på heilt nye måtar. Ljungkvist er velkjend treblaåsar, ikkje minst frå Atomic, Skarbø sysler med alt mogleg frå fritt til funk, medan Per Zanussi har gjesta oss med alt frå eigne prosjekt til Wunderkammer. Pianist Nevrin er eit nytt namn i Bergen, men den virtuose pianisten hevdar seg godt i denne settinga.

Dørene åpner kl. 21:00.

Gratis adgang.

Høyr på Myspace.


Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.