Colin Stetson har du nok høyrd som saksofonist bak Bon Iver, Arcade Fire eller Tom Waits. Åleine tar han hornet på nye og ukjende eventyr der du fånyttes ser etter loopboksen før du innser at han lager alle lydane i sanntid heilt sjølv. Stetson har utvikla eit uvanleg solokonsept for bass-saksofon. Med sirkelpust, gigantiske lunger og sjølvutvikla instrumentteknikk framfører han musikk som går frå rått til hypnotisk.
Les meir om Stetson på allmusic.com
Høyr på Myspace
Dørene åpner kl. 21:00.
Konsertstart kl. 22:00.
GRATIS ADGANG