Konsert

Digital primitives

Frijazzbluesfunk med afrikanske røtter og masse humor
COOPER-MOORE handbygde instrument, diddley bow, banjo, munnboge, fløyte, trommer
ASSIF TSAHAR - tenorsax, bassklarinett
CHAD TAYLOR - trommer, kalimba
 

Dersom du blandar bluesete og groovy funk med frijazz og tilset afrikansk perkusjon, så har du ein idé om kva Digital primitives handlar om. Cooper-Moore er nok den mest kjende i bandet, men alle involverte har lange biografiar.

Cooper-Moore er ein gudebenåda pianist, men har dei siste åra konsentrert seg om rare, heimelaga instrument og uvanlege musikkinstrument, som til dømes munnboge. Treblåsar Tsahar har jobba med mellom anna William Parker, medan Chad Taylor har vore ein viktig del av jazzmiljøet i både Chicago og New York i over tjue år, med tallause plateinnspelingar bak seg. 

Digital Primitives webside

Høyr på Myspace

Dørene åpner kl. 21:00.
Konsertstart kl. 22:00

Billetter i forsalg, bruk lenke til høgre på sida.


Tilbake til programmet

Billetter til arrangementer på USF kjøpes på forsalg eller i døren. Se informasjon i oppføringene til det enkelte arrangement. Bevegelseshemmede har egne parkeringsplasser foran bygningen og enkel adkomst til alle scenene. USF Verftet har ikke ansvar for salg eller refundering av billetter eller programendringer som arrangør gjør.